Tuesday, October 2, 2007

Ønskelista vår, igjen...

Det er ikkje fordi me er så veldig materialistiske me stadig blogger om ønskelista vår, men fordi det er det folk spør oss om. Adressa i forrige post funkar visst ikkje, så her er bruksanvisninga på korleis de får sjå ønskelista vår.

1. Gå til www.bryllupslisten.no
2. Trykk på knappen "Gjester" på venstre side
3. Logg inn med gjestepassordet "marijokke"

Men hugs at me òg ønsker oss alt med lyd, og at det me ønsker oss aller mest er ein god fest med hyggelige menneske.

No comments: