Thursday, July 19, 2007

99 dagar igjen

I går var me på Glassmagasinet og laga ønskelista vår. Me har valgt oss eit service, eit bestikk og ein glasserie som me ønskar oss delar til, og ei fantastisk kjøkkenmaskin. Ein av dei næramste dagane skal me gå på ein musikkbutikk og laga ei ønskelista over instrument og sånt som me ønskar oss òg. Det blir gøy!

Ein ting me ikkje ønskar oss er vaffeljern, for det fekk Mari av Jokke i går, så i kveld blir det vaflar. Det er forresten ikkje sant at alle invitasjonane er sendt ut, me oppdaga at Willhelm hadde forsvunne frå lista då me skreiv den inn på dataen. Og me ventar framleis på eit par adresser.

No comments: