I går var me på Glassmagasinet og laga ønskelista vår. Me har valgt oss eit service, eit bestikk og ein glasserie som me ønskar oss delar til, og ei fantastisk kjøkkenmaskin. Ein av dei næramste dagane skal me gå på ein musikkbutikk og laga ei ønskelista over instrument og sånt som me ønskar oss òg. Det blir gøy!
Ein ting me ikkje ønskar oss er vaffeljern, for det fekk Mari av Jokke i går, så i kveld blir det vaflar. Det er forresten ikkje sant at alle invitasjonane er sendt ut, me oppdaga at Willhelm hadde forsvunne frå lista då me skreiv den inn på dataen. Og me ventar framleis på eit par adresser.
Thursday, July 19, 2007
Friday, July 13, 2007
Alle invitasjonane er snart sendt ut
I morgon postar me dei siste invitasjonane, med unntak av eit par adresser som me framleis venter på å få. Dei fyrste svara har kome, og me er spente på kor mange som takkar ja. Håpar det er mange.
Forrige laurdag bestemte me oss for kva servise og bestikk me ønsker oss, men me har ikkje bestemt oss oss for ein glass-serie. Når me får gjort det skal me oppretta ei ønskeliste på Glassmagasinet, og legga den ut her på bloggen.

Subscribe to:
Comments (Atom)